Tematur til Færøyane 29. juni – 3. juli 2015

Færøyenefarøyene-1

 

 

 

 

 

 

Historielagene i Stjørdalsdalføret har lenge prata om å arrangere en fellestur til Færøyane.

Lars Moa fra Stjørdal er en av de som kjenner øysamfunnet aller best og et naturlig valg når historielagene skulle se på muligheter og evt. opplegg for en slik tur. Det viste seg at Lars Moa var engasjert gjennom reiseselskapet Temareiser og avisa Gaula i Melhus for en tur sommeren 2015.

Historielagene i dalføret har fått muligheten til å bli med på dette opplegget, noe vi er glad for.

Det ble avholdt informasjonsmøte med lysbilder om Færøyane i lagenes regi ved Ole Vig vg skole – auditoriet,  onsdag 21. januar 2015 – kl 1900.

farøyene-3

Dette er ein tur Fotefar Temareiser lenge har hatt lyst å arrangere. Dei er så heldige å få med færøykjennaren  Lars Moa som fagleg ansvarleg. Han har besøkt øysamfunnet mange gonger, har stor kontaktflate der og har omsett fleire færøyske bøker til norsk. På turen vil det bli kulturkveld med diktekunst og song/musikk.

Historia til Færøyane  er sterkt knytt til Noreg. Kong Sverre var fødd og vaks opp der, og vi besøkjer garden han kom ifrå. Elles blir det utflukter rundt om på øyane, og vi vil fokusere på fantastiske naturopplevingar. National Geographic har kåra Færøyane som det beste reisemål når det gjeld øyar i heile verda.

(Atterhald om små endringar)

Måndag 29.06

Avreise med fly frå Trondheim/Værnes kl. 10.05 via København framme på Vága floghavn kl. 14.05. Guida busstur med reiseleiar Lars Moa frå flyplassen til Tórshavn der vi sjekkar inn på Hotel Hafnia som ligg midt i sentrum i den spesielle og spennande hovudstaden. Deretter får vi ein to timar lang vandretur med Lars for å bli kjende med sentrum av hovudstaden som har ca. 18 000 innbyggjarar.

Om kvelden velkomstmiddag* på hotellet. Presentasjon av deltakarane. Reiseleiar og historikar Rasmus Sunde fortel litt om historia til Færøyane. Elles kosar vi oss og underheld kvarandre med gode historier, skrøner og song.

Tysdag 30.06

Etter ein god frukost startar vi dagen med sightseeing i og rundt Tórshavn med buss. Deretter blir det besøk i Nasjonalmuseet ( Føroya Fornminnisavn) før vi dreg til Nordens Hus (Norðurlandahúsið í Føroyum) for omvising og lunsj*. Bussen køyrer vidare til Nasjonalgalleriet (Listasavn Føroya). Etter ei eineståande kunstoppleving vandrar vi tilbake til sentrum gjennom parken Viðarlundin (også kalla Plantasjen).  Ettermiddagen med foredrag av ein færøysk historikar for dei historieinteresserte, elles tida til eigen disposisjon.

Kulturkveld med middag* og møte med færøyske litteratur og visesong.

Onsdag 01.07

Vi startar om morgonen på ein ugløymande guida busstur i eit fantastisk landskap. Turen går via Eysturoy til Klaksvík på Borðoy. På denne strekninga får vi sjå det høgste fjellet på Færøyane, Slættaratindur, som er mest 900 høgt. Klaksvík er den nest største byen på Færøyane. På Heimavirkisfelagið der er det eit godt utval av ull- og strikkevarer. Ute i havet kan vi betrakte dei berømte  steinformasjonane Risin og Kellingin. Vi får også med oss bygda med den utrulege naturhamna, Gjógv,  som har Atlanteren som nærmaste nabo i aust og Svalbard som nærmaste nabo i nord. Her blir det servert lunsj* på det koselege hotellet Gjáargarður.

Til slutt køyrer vi til Kalsoy for å sjå ein fantastisk skulptur på stranda der av kópakónan (selkvinna).  På tilbaketuren besøkjer vi biletkunstnaren Sigrun Gunnarsdóttir på Eiði. Vi køyrer gjennom vakre bygder og passerer stader som Funningur der vikingane først kom i land og slo seg ned, og Gøtugjógv med  Gøtu Kirkja med fantastisk glasutsmykking av Tróndur Patursson.

Om kvelden middag på eiga hand og gjerne musikkoppleving som Summartónar-konsert i Tórshavn.

Torsdag 02.07

Dette er også ein dag med ein spennande tur med eineståande attraksjonar rundt om på Steymoy. Første mål på denne utflukta er bygda Vestmanna med båttur til dei fantastiske fuglefjella under Vestmannabjørgini. Båten fører oss tett opp til dei stupbratte klippene og inn i grotter, og dette vil vi tru er eit av høgdepunkta på heile opphaldet. Sjølve båtturen tek ca. 2 timar.

Deretter køyrer vi til Kirkjubøur med lunsj* og lokal guiding. Kirkjubøur er det kulturelle og åndelege sentrum på Færøyane. Det var bispesete frå tidleg på 1100-talet. Det var her kong Sverre gjekk på presteskule. Vi får sjå ruinen (Múrurin) av Magnus- katedralen og elles Ólavskirkjan som skriv seg frå år 1111. Denne kyrkja er framleis i bruk. På Kirkjubøur ligg kongsgarden som har tilhøyrt den same familien i 17 generasjonar. Vi kikkar også på den 900 år gamle Røykstovan før vi dreg til

Saksun og  Dúvugarður, ein gammal kongsbondegard, ein typisk færøysk bondegard med torvtak og talrike uthus, som er restaurert og no er museum.

Avslutningsmiddag* med kulturelt innslag av færøyske kunstnarar.

Fredag 02.07

Dette er dagen for heimreisa. Etter ein god frukost køyrer bussen oss til flyplassen, og vi tek fly tilbake til Trondheim.

*Måltid som er inkluderte i turprisen

farøyene-2

REISEVILKÅR:

Talet på dagar                          5

Turpris frå Trondheim              kr. 14 990

Tillegg for enkeltrom:               kr.   1 750

Inkludert i prisen:

·         Flyreise Trondheim/Værnes – Færøyane t/r (dyr flyreise)

·         Utflukter og inngangsbillettar i følgje programmet

·         4 overnattingar med frukost på sentralt og godt hotell

·         3 middagar og 3 lunsjar

·         Lars Moa (færøykjennar) og Rasmus Sunde (historikar) er reiseleiarar og guidar på heile

·         Møte med færøyske forfattarar og kunstnarar

Spørsmål om turen rettar de til:

Fotefar Temareiser, Nybø 1, 6863 Leikanger,  tlf. 91820304 eller

Rasmus Sunde tlf. 994 94 253 eller e-post: rasmus.sunde@sogn.no

Sjå elles heimesida vår: www.fotefartemareiser.no

Påmelding, betaling og vilkår elles for turen.

Bindande påmelding når depositum (forskot) på kr. 2.990 er betalt. Kr. 250 i rabatt ved påmelding og betaling av depositumet innan 15.01.2015. Påmeldingsfrist og betaling av restsummen er 05.05.2015, og fram til den datoen kan du fritt avbestille turen mot å få attende kr. 2.190 av innbetalt forskot. Fotefar Temareiser samarbeider med andre selskap og rettar seg etter reisevilkåra frå desse selskapa. Ved avbestilling av reisa til Færøyane mellom 05.05. og 20.06 vert kr 6.150 av totalprisen utan vidare refundert. Ved avbestilling etter 20.06 – ikkje nokon sum refundert.

Elles vanlege avbestillingsreglar som gjeld ved sjukdom eller dødsfall i næraste familie. Hugs at reiseforsikring med avbestillingsgebyr må ordnast seinast før du betalar inn restsummen innan 05.05.2015. Dette sikrar ein økonomisk dersom det skulle skje alvorleg sjukdom eller alvorleg skade eller død hjå den reisande eller i den nære familie som ektefelle, born, foreldre, svigerforeldre eller søsken. Då vil ein få att heile summen ein har betalt. Reis difor ikkje utan reiseforsikring og avbestillingsgebyr. Sjekk forsikringa di og sjå til at ho er i orden i god tid før du betaler for reisa. Dei fleste har heilårs reiseforsikring med avbestillingsgebyr.

Fotefar Temareiser er medlem av Reisegarantifondet. Dette sikrar kunden mot bl.a. konkurs i selskapet. Skulle ei av gruppereisene våre bli avlyste (det har ikkje skjedd), vil du få vite det så snart råd er og få tilbakebetalt alt du har betalt.

Prisane baserer seg på flyavgifter og valutakursar per 20.09.2014. Dersom desse endrar seg noko særleg før avreisa, kan prisen bli justert.

NB! Vi sender ikkje ut faktura for innbetalinga av depositum, så du kan betale med nettbank eller vanleg bank- eller postgiro. Hugs å merkje innbetalinga med namna dykkar og turalternativ. For restsummen får de tilsendt faktura.

Konto for innbetaling:

Fotefar Temareiser

Ktnr: 3705 07 00780

Påmelding på  heimesida vår eller e-post, post@fotefartemareiser.no  eller send svarslippen til Fotefar Temareiser, Nybø 1, 6863 Leikanger så snart du/de har bestemt dykk for å vere med på turen (ikkje bindande før innbetalt forskot). Meir informasjon etter kvart for dei som melder seg på.