Lånkesangen

 

 

(Melodi : Blant alle lande …)

Frå Gevingåsen til Stætasfjell,
frå Ytteråsen og ned til Hell,
ligg Lånkebygda.
Ho ligg der trygda,
ved folkets stell.

Frå Havdalsgrenda til Vesetbrann,
frå Kleivfjellvarden til Kleppens rand
ligg skog og marker,
så langt du orker,
og gå du kan.

Frå Ovakleiva til Øyas strand
frå Øystergrenda til Frigårdssand,
der ligg den jorda,
som meir enn orda
fortelja kan.

At her har bonden i gard og tun,
og husmannsfolket i stua brun,
hatt slit og møde,
med eng og grøde
for heimen lun.

For her har fedre i tusen år,
av villmark skapa oss betre kår,
og laga volda,
og auka molda,
så godt det går.

Og her har livet i le for le
skapt livssyn, livsmot, og vidsyn med,
med auka styrke
for kvardagsyrke,
med arbeidsgle.

Du jordas dyrkar, du arbeidsmann,
på fedres virke vi bygge kan.
La fedres toner
med fremtidvoner
gå hand i hand.

 

Skrevet av Jon B. Ekren